Opna konto

Alle lag skal ha ein bankkonto, og denne kontoen kan ikkje stå på ein privatperson.

Dei fleste bankane krev dette for å opna konto:

  • utfylt fullmaktskjema, med fødselsnummeret til den eller dei som skal ha fullmakt på kontoen
  • referat frå årsmøtet eller skipingsmøtet i laget, der det går fram kven som er leiar og kven som er kassastyrar
  • kopi av legitimasjonen til dei som skal ha fullmakt til kontoen
  • at laget er registrert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra

Det kan variera kva informasjon bankane treng, så snakk gjerne med banken fyrst.

Treng du meir hjelp? Ta kontakt med Per Henning Arntsen.