Media, kultur og tru

Nynorsk må bli meir synleg der folk møter språket mest.

Media

Media er den viktigaste språkbrukaren i samfunnet vårt. I dag er aviser, særleg lokale, og NRK og TV2 dei sikraste leverandørane av nynorsk av medieaktørane. Nye medievanar, særleg blant dei unge, gjer at mange møter mindre nynorsk enn før. Noregs Mållag ønskjer ordningar som er tilpassa dagens mediesamfunn, og sikrar nynorsken gode vilkår uavhengig av kommunikasjonsplattform. Nynorsk som mediespråk kan ikkje vera avhengig av god vilje frå einskildpersonar.

Noregs Mållag meiner:

  • Arbeidsgjevaravgift, pressestøtte og momsfritak må brukast som verktøy for å styrkja nynorsk i media ålment, og særleg dei nynorske avisene, tidsskrifta og publikasjonane.
  • NRK må møta kravet om 25 % nynorsk på alle plattformer, og TV2 bør få sterkare føringar for å bruka nynorsk enn dei har i dag.
  • Nynorske medieverksemder må ha gode rammevilkår. Døme på slike verksemder er NTB Nynorsk pressekontor og journalistopplæringane NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter. 
  • Tospråkleg teksting må verta standardløysinga for norske filmar. Det er viktig at det norske språket og språkmangfaldet vert teke vare på i populærkulturen for barn, i både tale og tekst.
  • Alle riksaviser må opna for nynorsk journalistikk, slik at det vert vanleg å lesa nynorsk dagleg i avisene.  
  • Strøymetenester som Netflix, HBO, Viaplay m.fl. må få krav på seg om å tilby nynorsk teksting, programomtalar og menyar.

I 2018 oppheva VG og Aftenposten forbodet mot nynorsk på redaksjonell plass

Kultur og litteratur

Den nynorske litteraturen er det fremste uttrykket for den nynorske skriftkulturen. Sjølv om nynorsk som litteraturspråk på mange måtar har høg status, er det framleis vanskelegare å selja ei nynorskbok enn ei bokmålsbok. For at nynorsk skal vera eit levande kulturspråk i framtida, trengst det ordningar som gjer det attraktivt å laga og formidla kultur på nynorsk.

Noregs Mållag meiner:

  • Det må framleis vera sterke støtteordningar for norsk litteratur.
  • Omsett barne- og ungdomslitteratur til nynorsk og samisk må koma inn under innkjøpsordninga.
  • Alle lesestimuleringstiltak retta mot barn og unge må ha eit breitt tilbod av nynorsk litteratur.
  • Bibliotek må ikkje leggjast ned som ei følgje av kommunesamanslåing.
  • Biblioteka må syna fram nynorsklitteratur.
  • Det Norske Teatret bør få same budsjettløyving som Nationaltheatret.
  • Arbeidet som lokale og regionale teater gjer for å styrkja talemålet i sine område, bør få positiv merksemd.

Kvart år vitjar over 250 000 Det Norske Teatret

Trussamfunn

Den norske kyrkja har alltid vore langt framme i å fremja og nytta nynorsk. Etter lausrivinga frå staten i 2012 er ikkje kyrkja underlagd mållova. Kyrkja ønskjer likevel å halda fram med å veksla mellom målformene, og det er viktig. I nynorskområda er det etablert trus- og livssynssamfunn frå ei lang rekkje religionar, og medlemmene her bør òg få høve til å utøva religionen sin på nynorsk.

Noregs Mållag meiner:

  • Kyrkja skal framleis praktisera prinsippa i mållova, sjølv etter ny organisering.
  • Trusopplæringsmateriell må liggja føre på både nynorsk og bokmål.
  • Trus- og livssynssamfunn som får statsstøtte, skal møta eit krav om å gje born og unge i nynorskområde nynorsk trusopplæring.

Noregs fyrste nynorsk-moské ligg i Vinje i Telemark