Akademia

Norsk fagspråk må prioriterast høgare, og det må utviklast fagterminologi på nynorsk.

Norsk språk er under press i akademia, særleg nynorsk. Engelsk er meir og meir brukt både i pensumlitteratur, i undervisning og i vitskapleg arbeid. Det er viktig at norsk fagspråk vert utvikla og brukt i høgare utdanning, dette gjeld særleg nynorsk fagspråk.

Studentane må få møte nynorsk i studiekvardagen. Utdanningsinsititusjonane skal leggje til rette for at studentane faktisk har høve til å bruke nynorsk på eksamen og i andre innleveringar.

Noregs Mållag meiner:

  • Høgare utdanning må ta større ansvar for å ta vare på og utvikle norsk fagspråk. Univeristets- og høgskulesektoren må ha språkstrategiar for å fremje norsk og særleg nynorsk på sine institusjonar, både som fagspråk og som administrasjonsspråk.
  • Universitets- og høgskulesektoren må verte målt på språkpraksis, og det må vere eit tema i styringsdialogen med departementet.
  • Universitet og høgskular må stille krav til at utanlandske forskarar som vert tilsette, skal lære seg norsk innan ei viss tid, slik at dei kan undervise og formidle på norsk.
  • Det må finnast lærebøker og pensum på nynorsk, særleg i dei store faga med mange studentar.
  • Universitets- og høgskulesektoren skal stimulerast til å publisere på nynorsk.
  • Finansieringssystemet i høgare utdanning må premiere formidling til ålmenta og utgjeving av lærebøker, avhandlingar og forskingsrapportar på norsk, særleg nynorsk.
  • Kunnskapsutvikling og forsking på nynorskfeltet er viktig for Noregs Mållag, og sentrallekken skal formidle dette vidare i organisasjonen.
  • Retten til eksamen på nynorsk må utvidast til å omfatte oppgåveteksten i obligatoriske arbeidskrav.
  • Studentane skal møte pensum på norsk, og ein større del av pensumet må vere på nynorsk.

Nær 20 000 av artiklane i Store norske leksikon er skrivne på nynorsk.