Lærarutdanninga

Vi har sterke indikasjonar på at mange lærarar er for svake i nynorsk.

Det må løysast i lærarutdanningane, mellom anna gjennom ei ekstra satsing på nynorsk. I dag er ikkje norsk obligatorisk for dei lærarane som skal undervise på årstrinn 5–10. Det bør det bli. Lærarar som er trygge i nynorsk, er avgjerande for ei god nynorskundervisning, anten nynorsk blir undervist som hovudmål eller sidemål.

Noregs Mållag meiner:

  • Studentane på lærar-, lektor- og PPU-utdanningane må få opplæring i nynorsk språk og relevant fagterminologi på nynorsk.
  • Lærar- og lektorstudentane som skal undervisa i norsk, må få opplæring i nynorskdidaktikk.
  • Norsk må verta obligatorisk for lektorutdanninga for årstrinn 5–10.
  • Studentane må vurderast i båe målformer, også dei som ikkje vel norsk i lektorutdanninga for årstrinn 5–10. Dette må både pensum og opplæringa tilrettelegge for.
  • Det skal ikkje kunna gjevast fritak for vurdering i sidemål i lektorutdanninga. Fritaket må erstattast av opplæring. Karakteren i nynorsk og bokmål må stå på vitnemålet.
  • Alle lærarar må få tilbod om etterutdanning i nynorsk.
  • «Nynorsk hovudmål» må inn som tema i rektorutdanninga.