Barnehage
Barnehagane må førebu ungane for skulekvardagen – også språkleg.
I dag finst det ikkje ordningar som sikrar at norske born møter nynorsk i barnehagen. Det er opp til kvar einskild barnehage om barnehageborn møter språket i det heile, også i nynorskområde.
Noregs Mållag meiner:
- Administrasjonsspråket i barnehagane, også private, må vera det same som skulemålet.
- Det må kome retningslinjer for nynorsk og lokal dialekt i rammeplanen for barnehagane, og rammeplanen må ta omsyn til at barnehageborn i nynorskområde er i ein annan språkleg situasjon enn andre born.
- Barnehagelærarutdanninga må gje kompetanse i opplæring om og på nynorsk
- Alt teksttilfang til bruk i barnehagane må vere tilgjengeleg både på nynorsk og på bokmål.
- Born som skal ha nynorsk på skulen, bør fyrst og fremst møta nynorsk skriftspråk i barnehagen.
- Barnehagar må berre kjøpa inn språkstimuleringsmateriell som også finst på nynorsk.
Kvart år startar kring 7800 born i barnehagar i nynorskkrinsar