Norskopplæring for innvandrarar

Språk er integrering i praksis. Diverre heng nynorsk framleis etter som undervisningsspråk i vaksenopplæringa. 

Framleis gjev om lag halvparten av nynorskkommunane dei vaksne innvandrarane opplæring på bokmål, trass at innvandrarane skal leve i eit nynorskspråkleg lokalsamfunn. Innvandrarar frå EØS-området har ikkje krav på norskopplæring i det heile. Det bør dei få.

Noregs Mållag meiner:

  • Opplæringsspråket i norskopplæringa må gjerast til eit politisk spørsmål i kommunane. Opplæringsspråket må følgja administrasjonssspråket i dei kommunane som har administrasjonssspråk.
  • Læremiddel for vaksne innvandrarar må koma inn under opplæringslova og vera klart til same tid og til same pris på bokmål og på nynorsk.
  • Arbeidstakarar med utanlandsk bakgrunn må få opplæring på nynorsk i nynorskområda.
  • EØS-borgarar som bur eller arbeider i Noreg, skal få rett til norskopplæring.

Ressursar for nynorskopplæring for innvandrarar

  • Kompetanse Noreg – Direktorat under Kunnskapsdepartementet med ansvar for norskopplæringa for vaksne innvandrarar, å etterutdanna lærarar og å skaffe nye læreverk på nynorsk.
  • Nynorsksenteret – Oversyn over lærebøker, læremiddel og skjønnlitteratur på nynorsk for denne elevgruppa. 
  • Norsksidene – Open ressurs som Globalskolen, Norsk nettskole og Høgskulen i Volda står bak.
  • Lexin-ordbøker – Ordbøker frå arabisk–nynorsk, polsk–nynorsk, kurdisk–nynorsk og mange fleire.

Om lag halvparten av nynorskkommunane i Noreg gjev vaksne innvandrarar opplæring på bokmål