Skule
Nynorsk har dårlegare vilkår enn bokmål i skulen.
Elevar i Noreg skal både lære seg nynorsk og få ei oppfatning om at det er eit dugande bruksspråk. Fordi bokmål er eit mykje meir bruka språk i samfunnet, har skulen ei utfordrande oppgåve. Diverre er det store og grunnleggjande problem med korleis nynorsk blir handtert i den norske skulen i dag. Alle elevar møter for lite nynorsk i skulen, og elevane som har det som sidemål, møter det for seint. Det ønskjer Noregs Mållag å gjere noko med.
Opplæring i nynorsk som hovudmål
Nynorskelevane er blant dei som får merke det ujamne forholdet mellom bokmål og nynorsk aller best. Skulen har difor ei viktig oppgåve i å skape trygge nynorskbrukarar. Diverre ser me strukturelle problem som bidreg til den motsette utviklinga. Undervisningskvardagen til nynorskelevane inneheld som regel mykje bokmål, særleg i læremiddel. Dette problemet har auka på dei siste åra, ettersom skulekvardagen har blitt meir digital. Elevane blir presenterte for digitale læremiddel på bokmål, stikk i strid med kva opplæringslova seier.
Frå ungdomsskulen har ikkje elevane same retten til undervisningsspråket som i barneskulen. Det fører til at nynorskelevane i kommunar der det er mange bokmålselevar, vert underviste mykje på bokmål og lite på nynorsk. I dag finst det ikkje ordningar som sikrar nynorskelevane rett til å bli undervist på nynorsk. Det fører til at svært mange nynorskelevar byter til bokmål i løpet av ungdomsskulen.
Noregs Mållag meiner:
- Staten må føra tilsyn med at nynorskelevar får rettane sine etter opplæringslova oppfylte, inkludert retten til læremiddel på nynorsk.
- Kommunane og andre skuleeigarar må ha ordningar som i større grad sikrar at dei ikkje nyttar læremiddel som ikkje ligg føre på nynorsk
- Alt opplæringsmateriell til skulebruk må koma på både nynorsk og bokmål.
- Opplæringslova må gjere det klart at digitale læremiddel er omfatta av lova.
- For å sikra godt og rett språk i lærebøker og digitale læremiddel bør Kunnskapsdepartementet innføra ei godkjenningsordning for alle læremiddel som forlaga vil tilby til skulen.
- Styresmaktene må ha ein politikk for å stogga språkskifte.
- Det skal vera eit ekstrapoeng til elevar som går ut av vidaregåande med nynorsk hovudmål.
- Det må økonomiske insentiv til for at nynorskelevane skal få den opplæringa dei har krav på.
- I nynorskområda bør det vera ein prinsipiell rett til å gå i nynorskklasse.
- Kravet om at det må vera 10 elevar att i klassen for å skipa parallellklasse, må koma attende.
I ungdomsskulen
Elevane i ungdomsskulen har i dag ikkje rett til anna enn undervisingsmateriell og eksamen på eige språk, og å få levera skriftlege arbeid på hovudmålet. Dette råkar nynorskelevane i kommunar med språkblanda skular.
Noregs Mållag meiner:
- Alle elevar må ha rett til å få opplæring på eige språk ut grunnskulen.
- Lærarar i ungdomsskulen skal undervisa nynorskelevar på nynorsk i alle fag.
- Ungdomsskular i språkblanda område i landet skal kunne gjennomføra full språkdeling og få ekstrakostnadene med dette dekka av staten.
- Det bør alltid vera tilbod om nynorsk parallellklasse i dei store byane, utan krav til minstetal på elevar.
Opplæring i nynorsk som sidemål
Sidemålsordninga er ein føresetnad for at vi skal kunne ha to likestilte norske skriftspråk i Noreg. Mange arbeidsplassar, private som offentlege, krev og skal krevje nynorskkunnskap av dei tilsette. Diverre er det mange elevar som meistrar nynorsk dårleg etter å ha hatt det som sidemål. Det er uheldig både for elevane og for samfunnet. Å styrkje sidemålsundervisninga er eit svært viktig grep for å styrkje posisjonen til nynorsk i Noreg.
Noregs Mållag meiner:
- Alle elevar skal ha opplæring i nynorsk som sidemål, og opplæringa i nynorsk må ta til på mellomsteget. Gjennom opplæringa skal elevane lære å både lese og skrive nynorsk.
- Elevane skal ha eigen karakter i sidemål, både standpunkt og eksamen på ungdomsskulen og vidaregåande skule.
- Årsramma for norsklærarar i vidaregåande skule må reduserast.
Det er over 75 000 nynorskelevar i grunnskulen