Næringsliv

For mange næringsverksemder i nynorskområde vel å profilera seg på bokmål.

For nynorskbrukarane er det lettare å halda fram å skriva nynorsk om dei får sjå språket i butikken, i avislysingar og reklame. Medan bruken av nynorsk på mange samfunnsområde kan styrkjast ved hjelp av politiske tiltak, rår næringslivet i stor grad over seg sjølv. I dag er det mange føretak i nynorskområde som vel å profilera seg på bokmål. Men vi har også sett døme på føretak som har gått over til nynorsk som marknadsføringsspråk, og sett fordelar ved det. Desse verksemdene gjer ein svært viktig jobb for nynorsk som bruksspråk, og det må vera eit mål å få fleire til å gjera det same.

Noregs Mållag meiner:

  • Ein jamstilt språkpolitikk burde vera del av verkemiddelapparatet til Innovasjon Noreg. I møtet med ulike verksemder og bransjar innanfor næringslivet bør Innovasjon Noreg leggja til rette for og gjera det lettare å bruka nynorsk. 
  • I statlege annonsekampanjar og nettsider som fremjar reiseliv over heile landet, som til dømes Visit Norway, bør ein veksla mellom bokmål og nynorsk.