politikken vår

Staten

Staten må ta større ansvar for begge dei to norske skriftspråka.

Statleg forvaltning

Mållova skal bidra til at staten brukar både bokmål og nynorsk, og dermed til å gjera bruksvilkåra for språka jamnare. Diverre bryt statsorgan lova kvar dag, og det blir skrive langt meir bokmål og mindre nynorsk enn lova krev. I dag får det små til ingen konsekvensar å velje å bryte mållova, og dermed undergrave jamstillinga mellom målformene, år etter år. I tillegg er mange verksemder som staten eig heile eller delar av, ikkje omfatta av mållova. Det bør dei bli. 

Noregs Mållag meiner: 

  • Noreg treng ei lov som fremjar nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka.
  • Statsorgan må få økonomiske sanksjonar for å bryta mållova. 
  • Statlege nettstader må veksla 50/50 mellom nynorsk og bokmål.
  • Alle statlege verksemder må vera omfatta av mållova og ei framtidig språklov, uavhengig av korleis det er organiserte.
  • Stortinget må grunnlovsfesta ei reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål.

Stadnamn

Ein god del norske stadnamn har skrivemåtar som i eit historisk lys er galne. Hovudårsaka er at dei har vorte nedskrivne i dansketida av folk som ikkje har kjent opphavet til namnet. Lenge var det eit mål at norske stadnamn skulle få norske skrivemåtar som viser respekt for opphavet deira gjennom ei felles forvaltning. Men dei siste åra har ansvaret for stadnamnforvaltninga i stor grad vorte spreidd ut til kommunar og einskildpersonar, med mange historisk galne skrivemåter til resultat.

Noregs Mållag meiner:

  • Lov om stadnamn må styrkja den fellesnasjonale forvaltninga av stadnamn.

Noreg var ein av dei fyrste formelt fleirspråklege statane i verda