Kva vil Noregs Mållag?

Det er vanskelegare å vere nynorskbrukar enn bokmålsbrukar i Noreg. Noregs Mållag arbeider for at jamstillinga mellom dei norske skriftspråka skal bli meir reell.

Stortinget har vedteke at nynorsk og bokmål er formelt jamstilte skriftspråk i Noreg. Men jamstillinga er meir formell enn reell. Mykje bokmål og lite nynorsk i samfunnet gjer at nynorsk har lågare status som bruksspråk og blir vanskelegare å lære. Det fører til at mange nordmenn i dag byter hovudmål frå nynorsk til bokmål, medan svært få byter andre vegen. Det blir det gjort for lite for å demme opp for.

Eit språk i mindretalsposisjon vil alltid ha vanskelegare levekår enn eit språk i fleirtalsposisjon. Å arbeide politisk for nynorsk er difor heilt avgjerande for at språket skal kunne halde fram med å vere eit levande bruksspråk i Noreg. Noregs Mållag meiner vi må syte for å ha ordningar som gjer nynorsk meir synleg i samfunnet vårt, og for at ordningane fungerer.

Noregs Mållag skal fremja nynorsk på alle område i det norske samfunnet, slik at nynorsk blir meir brukt i heile Noreg. Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunna tala dialekten sin.