Samfunnsliv
Der nynorsk er mykje brukt, har han høgare status.
Det ver meir engelsk både i næringsliv og arbeidsliv. Å sjå nynorsk i bruk rundt seg er viktig for at det skal vere lettare å bruke nynorsk. Der nynorsk er mykje brukt, har han høgare status. Difor er det viktig at lagsliv, næringsliv, trudomssamfunn og partane i arbeidslivet nyttar nynorsk systematisk.
Næringsliv og arbeidsliv
For  nynorskbrukarane  er  det  lettare  å  halda  fram  å  skriva  nynorsk  om  dei  får  sjå  språket  i  butikken,  i  avislysingar  og  reklame.  Medan  bruken  av  nynorsk  på  mange  samfunnsområde  kan  styrkjast  ved  hjelp  av  politiske  tiltak,  rår  næringslivet  i  stor  grad  over  seg  sjølv.  I  dag  er  det  mange  føretak  i  nynorskområde  som  vel  å  profilera  seg  på  bokmål.  Men  vi  har  også  sett  døme  på  føretak  som  har  gått  over  til  nynorsk  som  marknadsføringsspråk,  og  sett  fordelar  ved  det.  Desse  verksemdene  gjer  ein  svært  viktig  jobb  for  nynorsk  som  bruksspråk,  og  det  må  vera  eit  mål  å  få  fleire  til  å  gjera  det  same.
Noregs  Mållag  meiner:
- at både arbeidsgjevar- og arbeidstakar sida må fremje nynorsk i arbeidslivet.
 - at destinasjonsselskapa i nynorskområde skal bruke nynorsk.
 - at spesielt dei store kjøpesentera, butikkjedene og landbrukssamvirka må bruke meir nynorsk.
 - at det skal vere like lett å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift.
 
Noregs Mållag har kampanjen #nynorskverksemd som fremjar verksemder som nyttar nynorsk.
Kvart år deler Noregs Mållag ut Nynorsk næringslivspris.
Friviljuge organisasjonar
Noregs Mållag meiner:
- Det er særleg viktig at lag og organisasjonar som arbeider med barn og unge, nyttar nynorsk.
 - Når friviljuge organisasjonar driv kampanjar over heile Noreg, bør me krevje at dei lagar materiell på nynorsk.
 
Religion og livssyn
Trudoms- og livssynssamfunn som får statsstøtte, skal møte eit krav om å gje nynorsk trusopplæringsmateriell til born og unge i nynorskområde, og andre som ønskjer det.
Noregs fyrste nynorsk-moské ligg i Vinje i Telemark.
Samarbeid med andre språkgrupper i Noreg
Noregs Mållag stør mindretals- og minoritetsspråkbrukarar sin kamp for språklege rettar og står solidarisk med andre språkorganisasjonar i kampen for språkmangfaldet i Noreg. Me ynskjer å samarbeide med organisasjonar for samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk i relevante saker.