100-årsjubileum for Nynorsk salmebok

I 2025 er det hundre år sidan Nynorsk salmebok vart gjeven ut.
Den nynorske salmeboka fekk svært mykje å seie for nynorsk som kyrkjemål og for nynorsken som samfunnsberande språk. Nynorsk salmebok vart laga av biskop Bernt Støylen, sokneprest Anders Hovden og biskop Peter Hognestad og dei brukte fire år på arbeidet. Boka hadde 711 salmar på nynorsk og salmar på bokmål.
Salmeboka vart ein skikkeleg suksess. Les den interessante soga skriven av Per Halse i Store Norske Leksikon.
Markering av jubileet
Noregs Mållag, Nynorsk kultursentrum, Kyrkjerådet og Norsk hymnologisk forening har gått saman om ei jubileumsnemnd.
Lokale markeringar
Alle er invitert til å lage lokale markeringar! Både lokale mållag, kor, kyrkjelydar, prestar, menigheiter og sokneråd vert oppmoda om å invitere til allsongkveldar med songar frå den nynorske salmeskatten eller å markere jubileet i gudsteneste lokalt.
Det er også fint å markere jubileet med å leggje ut nynorske salmar på sosiale medium. Finn fleire måtar å markere jubileet, ressursar og idear i lista nedanfor.
Plakat A4 (til utskrift)
Facebook-banner til hending
Some-bilete
Sjekkliste: Nynorsk salmebok-kveld
Gjeremålsliste: Korleis lage ein Nynorsk salmebok-kveld
Føredrag og opningsinnleiing Nynorsk salmebok-kveld
Presentasjon og føredrag Nynorsk salmebok-kveld
Nynorsk salmebok-kveld Salmar frå Møre (det kjem fleire allsonghefte)
Nyttige ressursar
Andre måtar å markere jubileet
Vi vil gjerne vite om ditt arrangement! Meld frå i skjema. Dei vert langt inn i kalenderen.
Kontaktperson hjå Mållaget:
Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar,
e-post: hege.lothe@nm.no eller telefon 92 64 83 48