korleis drive eit lokallag

Økonomi

Økonomi i laget handlar både om å forvalte dei pengane som er, og å skaffe fleire pengar. Vi har samla dei viktigaste tipsa.

Budsjett og rekneskap

Når de set opp budsjettet, er det viktig å gjera det i samband med arbeidsplanen og rekneskapen for året før. Det er også mogleg å ikkje setje opp budsjett, men at styret styrer økonomien gjennom året.

Rekneskapen skal ha ein oversikt over utgifter og inntekt gjennom året. Og kor mykje som står på konto ved årsslutt, samanlikna med året før. Til rekneskapen må dei som har hatt ansvaret for pengane i laget, ta vare på alle kvitteringar for utlegg og inntekter.

Momskomensasjon

Kva er momskompensasjon?

Som lokallag kan de søkje om å få kompensert meirverdiavgift (moms) de har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremje friviljug aktivitet. Fristen er 1. august kvart år, og skjemaet skal sendast til Noregs Mållag.

Korleis søkje?

Fyll ut dette skjemaet. For å søkje må de ha organisasjonsnummer. Det kan de søkje om hjå Brønnøysundregistera.

Skaffe pengar til lokallaget

Det treng ikkje vera så vanskeleg å tene pengar til laget. Med litt fantasi, pågangsmot og planlegging kan ein koma svært langt.

Inntektskjelder frå Noregs Mållag 

Lorem ipsum dolor sit amet

Lorem ipsum dolor sit amet

Lorem ipsum dolor sit amet

Inntektskjelder utanfor laget 

Lorem ipsum dolor sit amet

Lorem ipsum dolor sit amet

Lorem ipsum dolor sit amet

Lorem ipsum dolor sit amet

Lorem ipsum dolor sit amet

Lorem ipsum dolor sit amet

Lorem ipsum dolor sit amet

Lurer du på korleis du skriv søknad? 

Ved å skrive gode prosjektsøknadar kan laget få mykje nyttig økonomisk støtte. Se oppskriften her

Opne konto

Alle lag bør ha ein bankkonto, og denne kontoen kan ikkje stå på ein privatperson. De treng ein lagskonto mellom anna for å få utbetalt medlemspengerefusjon frå Noregs Mållag.

Dei fleste bankane krev dette for å opna konto:

  • utfylt fullmaktskjema, med personnummeret til den eller dei som skal ha fullmakt på kontoen.
  • referat frå årsmøtet eller skipingsmøtet i laget, der det går fram kven som er leiar og kven som er kassastyrar.
  • kopi av legitimasjonen til dei som skal ha fullmakt til kontoen.
  • at laget er registert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra.

Det kan variere kva informasjon bankane krev, så snakk gjerne med banken fyrst.

Registrere seg i Brønnøysundregistera