Vi krev ei betre opplæringslov
Opplæringslova forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane.
I juni 2023 vedtok Stortinget ei ny opplæringslov. Her kan du lese Mållaget sine reaksjonar.
Den nynorske skulekvardagen inneheld for mykje bokmål, og digitaliseringa av skulen har gjort problemet større dei siste åra. Nynorskelevane blir ofte tilbydde digitale læremiddel på feil språk. Vi treng eit lovverk som gjer at produsentane får klar beskjed om at læremidla må vere på både nynorsk og bokmål.
Retten til læremiddel på nynorsk
Det som sikrar nynorskelevar rett til læremiddel på nynorsk er at opplæringslova seier at alle læremiddel skal kome på bokmål og nynorsk til same tid og pris. Det betyr at så lenge noko kan bli kalla eit læremiddel har nynorskeleven rett til å få det på nynorsk. I lova er dette krav som skal til for at noko er eit læremiddel:
- Eit trykt, ikkje-trykt eller digitalt element
- Utvikla til bruk i opplæringa
- Skal brukast jamleg i opplæringa
- Dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget.
Alle desse fire krava må vere oppfylte for at noko er eit læremiddel. Noregs Mållag meiner at desse fire krava saman lager ein for snever definisjon av kva eit læremiddel er.
At det både er eit krav til at eit læremiddel må brukast jamleg og skal dekkje vesentlege delar av læreplanen, gjer at mange av programma og appane elevane brukar på skulen heller blir rekna som læringsressursar. Læringsressursar har ikkje krav på seg om å vere på både nynorsk og bokmål. Samla sett fyller dette skulekvardagen til nynorskeleven med feil språk.
Noregs Mållag si løysing
Legg til ni ord i paragraf 15-3 tredje ledd i opplæringslova. Då blir setninga:
Skolen skal bruke læremiddel, og læringsressursar som er utvikla til bruk i opplæringa som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.
Språkdelt ungdomsskule
I opplæringslova har elevane for første gang på mange år fått ein ny språkrett. Elevar har no rett til å gå i språkdelte grupper på ungdomsskulen. Tidlegare har denne retten berre gått frå 1. til 7. trinn, men er no utvida ut 10. trinn. Dette er eit utruleg viktig krav for dei elevane som bur i språkblanda område. No har dei endeleg rett på å få opplæringa si på nynorsk ut heile grunnskulen.
Last ned framsidebilete til facebook:
Bakgrunnsnotat og tidlegare høyringssvar frå Noregs Mållag:
Saksnotat frå Noregs Mållag, april 2023
Notat frå Noregs Mållag, januar 2023
I august 2021 leverte kunnskapsminister Guri Melby frå seg framlegget til ny opplæringslov. I framlegget låg den største sigeren for nynorskelevane på nesten femti år, retten til opplæring på eige språk ut heile grunnskulen. Men lova mangla også fleire naudsynte tiltak for nynorskelevane.
Her kan du lese meir om kva Noregs Mållag meinte om framlegget:
Pressemelding 26.08.2021, – Ein siger for nynorskelevane
Høyringssvar frå Noregs Mållag til ny opplæringslov
Saman får vi til ei betre opplæringslov for nynorskelevane!