Knut Hauge-jubileum 31. mai
– Kvifor eg tok til å skriva? Av di eg ikkje kunne la vera. Eg måtte vera tildelt den lagnaden.Ein av dei mest markante Valdres-forfattarane gjennom tidene, Knut Hauge (1911–1999), ville fylt hundre år i år. Komiteen for Knut Hauge-jubileet i 2011 inviterer deg til hundreårsmarkering på Valdres Folkemuseum, tysdag 31. mai klokka 15.00. Alle er hjarteleg velkomne! Les meir
Nord-Aurdal Mållag har i ein del år drive eit ganske konkret og lokalt målarbeid ved å gje ut helsingskort med nynorsk tekst. Då dette etter kvart gav oss betre økonomi, fann me ut at me ville prøva å gje ut ei lokal barnebok og stifta då Kvitvella forlag, som altså er namnet på Nord-Aurdal mållag sitt forlag.
|
I samband med at det den 31. mai 2011 er 100 år sidan den store Valdres-forfattaren Knut Hauge vart fødd, gjev me i år ut ei barnebok av Knut Hauge. Les meir
|
| |
Olav Gullik Bø, tidlegare lærar på Valdres vidaregåande skule, har skrive mykje, mellom anna fleire diktsamlingar, og han ville gje ut Stevleik på forlaget vårt. Les meir
|
I 2005 gav me då ut ei lokal barnebok, Museguten Zakkarias, eventyret om ein liten musegut i blå olabukse med raud bot i baken. Les meir
|
| |
Me gjev og ut Pekka, ein einakter av Olav Gullik Bø. Det er eit skodespel for barn, og det er bygt på Knut Hauge si bok: Pekka, elva og eventyret. Les meir
|
|
| |
|
|