– Det må bli sterkare offentleg styring av nynorskopplæringa til lærarstudentane, meiner fleire tilsette på lærarutdanningane i ei fersk masteroppgåve. Oppgåva avslører dårlege haldningar til nynorskopplæring på fleire av institusjonane.
Sogn og Fjordane sin fremste politikar gjev seg i rikspolitikken. Blant slaga Liv Signe Navarsete verkeleg hugsar, er kampen mot nedprioriteringa av sidemålet i regjeringa i 2012.
Kandidatane som kappast om å kome på Stortinget frå Hordaland valkrets har mykje dei vil gjere for nynorsken. Det kom fram på Hordaland Mållag sitt valmøte i samband med stortingsvalet.
– Guri Melby (V) styrkjer kåra for nynorskelevane, men regjeringa undervurderer bokmålskrafta i den digitale skulekvardagen, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
«Spor som aldri blir viska vekk.» «Mor Nynorsk.» Lovorda sat laust då NRK-legenda Magni Øvrebotten takka for seg. – Nynorsk mediesenter har lykkast betre enn eg våga å håpe, seier ho.
Han hugsar det som om det var i går, den dagen han bestemte seg for å skriva neste roman på nynorsk. – Det har gjort meg rikare å vera ein tospråkleg forfattar, seier Tore Renberg.
Arne Garborg var ein av våre fremste intellektuelle – og den kanskje aller viktigaste målmannen vi har hatt. I år er det 170 år sidan han vart fødd, og Gudleiv Bø skriv her om korleis han har vore med på å forme oss.