Partipolitikk er nynorskpolitikk

Noregs Mållag har fem hovudkrav til dei politiska partia i valkampen 2021.

Dei siste åra har Noregs Mållag jobba mykje for at dei politiske partia som stiller til val i haust, har mest og best mogeleg politikk for nynorsken i programma sine. Vi er godt nøgde med gjennomslaga. Dei fleste partia har i større eller mindre grad omtalt dei fleste krava. Nedanfor kan du lese vår vurdering av dei ulike partiprogramma.

Kven som skal sitje rundt kongens bord, er sjølvsagt uvisst, men éin ting er sikkert: Ei regjering som ikkje har omsut for heile det norske språket, kan ikkje vere ei regjering for heile Noreg. Sjølv om ein raudgrøn opposisjon stod klar til å ytterlegare skjerpe den nye språklova, er Stortingets vilje klar: No skal nynorsken styrkjast.

Dette er våre hovudkrav til dei politiske partia


1 Nynorsk og bokmål skal vere reelt jamstilte språk i Noreg 

Eit språk i mindretalsposisjon vil alltid ha vanskelegare levekår enn eit språk i fleirtalsposisjon. Det må vere eit overordna mål om at det skal vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Noreg.

2 Hald på og løft sidemålsordninga

Sidemålsordninga er ryggraden i å sikre nynorskbrukarane sine språklege rettar. Sidemålsopplæringa må byrje tidlegare, bli betre og meir spennande.   

3 Innfør språkdelt ungdomsskule

For at nynorskelevane skal bli trygge språkbrukarar som held på nynorsk gjennom heile skulegangen, må dei få halde fram i eiga nynorskklasse i ungdomsskulen. Dette er det viktigaste tiltaket i språkdelte område for å sikre god hovudmålsopplæring for nynorskelevane.

4 Digitale læremiddel og kontorstøtteprogram må kome på nynorsk 

Nynorskelevane er i stor grad overlatne til digitale læremiddel som berre finst på bokmål. I tillegg nyttar mange skular kontorstøtteprogram som ikkje finst på nynorsk, til dømes skriveprogram utan nynorsk stavekontroll.

5 Lærarutdanningane må sikra gode nynorsklærarar 

Kompetansen må stå på vitnemålet, og alle lærarar må få tilbod om kurs og etterutdanning i nynorsk.

Dette meiner dei politiske partia om nynorsk

Raudt

– Det er rett og slett heilt strålande at Raudt ønskjer å grunnlovsfeste jamstillinga mellom dei to norske skriftspråka.

Sosialistisk venstreparti (SV)

– Programmet til SV kunne nesten vore teke ut av arbeidsprogrammet til Noregs Mållag.

Miljøpartiet dei grøne (MDG)

– MDG støttar fleire av dei mest sentrale sakene til målrørsla.

Arbeidarpartiet

– Dette er ei meir nynorskvenleg utgåve av Arbeidarpartiet enn vi har sett tidlegare.

Senterpartiet

– Senterpartiet ser at språk i minoritetsposisjon treng ekstratiltak, og det er bra. Den norske måljamstillinga er heilt avhengig av slike særtiltak for at vilkåra mellom dei to norske skriftspråka skal bli likare.

Kristeleg Folkeparti (KrF)

– Krf viser at dei vil meir med språklova enn den regjeringa dei no sit i, har fått til.

Venstre

– Med eit så tydeleg program i ryggen bør Venstre vise regjeringspartnarane tydeleg kvar dei står.

Høgre

– Programmet til Høgre er på ingen måte fritt for kulturelle ambisjonar. Men på språkfeltet er partiet framleis meir interessert i marknadskrefter enn reelt språkleg likeverd.

Framstegspartiet (Frp)

– Frp skriv i programmet sitt at dei vil «ivareta norsk kultur og kulturarv». Men i praksis står partiet fram som eit kulturlaust parti utan interesse for språkleg likeverd og språklege tradisjonar.